Medlemsavgift

Barn for halvåret kr. 700,-

Drakt kr. 300,-

Kontonr. som skal benyttes; 18220977362

Betalings frist er 01.02. 2009
Det gis søskenmoderasjon - snakk/spør Rob.
Betal helst med nett bank - Skriv hvem det gjelder og kom med kvitering til Rob eller Dimitris.


Referat fra foreldremøte 18.10. 2008 Referat 08

Referat fra foreldremøtet 23.11 2007 Referat 09

Aikikids

Et intervju med Rob Fischbek

Aikido kan forandre samfunnet!

Robert Fischbeck (47) har trent aikido i sju år. Han meiner at aikido kan forandre samfunnet.

◊ Men kva er eigentlig aikido? Kva er det som er annleis med denne kampkunsten? Er det mulig å forklare kva denne kampsorten går ut på for dei som ikkje har hørt om den før?

« Aikido er ein kampkunst», seier Robert Fischbeck. «Den er ein rørslekunst som har røter i Japan. Den er annleis enn dei aller fleste kampsportgreinar fordi den handlar om samarbeid. Aikido er ein kampkunst og ikkje ein kampsport. I sport er det konkurranse. I aikido er det ikkje konkurranse. Aikido handlar om å tilpasse seg til ein situasjon for å nøytralisere ein motstanders angrep. Dette gjørast hovudsakelig ved å ta i mot motstanderanes energi og gi den tilbake til dei så dei mister balansen sin. Då kan ein nøytralisere dei ved å ”pinne” dei til bakken ved å manipulere leddane, som for eksempel olboge og skuldra.»

◊ Vidare forteljar Robert om Morihei Ueshiba, grunnleggaren av aikido.

« Morihei Ueshiba var ein veldig ivrig kampsportsutøvar i ju jitsu og andre sverdkampkunstar. Etter ein stund opplevde han at verda ikkje var ein veldig fredeleg stad. Det avgjerde han seg for at han skulle jobbe med, og det gjorde han med den kunnskapen han hadde, som var kampsport. Så aikido utvikla seg, ikkje som ein konkurranse og ikkje voldelig. Dersom du øver riktig blir ingen skada. Morihei Ueshiba byrja å kalle det for aikido på 40-tallet, trur eg. Aikido er ikkje gammal. Den er ein av dei nyare kampsportgreina, eller kampkunst då, for å si seie det slik, men den har røtene i 500-,600- 700- kanskje 1000-årene i Japan.»

« Eg trur at samfunnet ville hatt nytte av at fleire trena aikido», svarer Robert då vi spør om det hadde skjedd nokon forandring i samfunnet dersom flere trena aikido.

« Aikido er ikkje konkurranse, og så handlar det om samarbeid og om respekt for kvarandre. Disse to tinga for seg sjølv setter eit helt nytt lys på forhold mellom folk i samfunnet. Så dersom du blir meir bevisst på korleis du utøvar aikido blir du meir bevisst på korleis du forhold deg til andre ting i kvardagen. Det som skjer i aikido i prinsippa er det same ting som skjer over alt. Du kan veldig lett bruke prinsippa som man lærer i aikido i alle aspektar i livet. Så ja, eg trur at samfunnet ville hatt nytte av at flere trena aikido, innrømmer han.»

◊ Har du noen konkrete eksemplar på korleis samfunnet kunne forandre seg? Eller hadde det bare blitt fredeligare?

« Berre tenk på aspekten av respekt. Dersom alle hadde respekt for kvarandre, for andres meiningar, for korleis andre gjør ting og ikkje minst respekt for seg sjølv, så blir det mindre konfliktar, det blir mindre poloriseringar, motsettingar, det blir mindre konfliktar rett og slett. Og de konfliktane som oppstår blir handtert på ein måte som blir meir samarbeid i staden for konkurranse.»

◊ Det er ikkje bare vaksne som kan trengje aikido. Barn kan også få utbytte frå denne kampkunsten. No har noko som kallast Aiki-Kids starta på Hamar. Aiki-Kids er aikidotrening for barn, rett og slett. Robert er hovudtrenaren. Difor kan han sikkert svare på om Aiki-Kids påverkar barna, og i så fall korleis?

« No er det slik med barn at dei veks veldig når dei får ein meistrefølelse av kva som helst. I byrjinga er det strukturen om korleis aikidotrening føregår som ikkje er vanskelig å meistre. Så etter bare eit par ukar er det mange barn som har ein kjensle av at dei veit kva som føregår sjølv om dei blir introdusert til ting dei aldri har gjort før. Så veldig tidleg i aikido gjer strukturen ein arena for meistring. Samtidig, tilbake til andre ting vi har snakka om, handlar aikido om respekt og det er ikkje berre barna som skal respektere trenaren, men trenaren skal også respektere barna, og deira grensar og svakhetar, og styrkane deira. Vi snakkar om korleis vi kan utøve det, blir det slik at barna lærer å høyre etter når eg gir beskjedar. Dei høyrer ikkje etter berre fordi dei er redde for å få kjeft, men fordi dei veit at det er det rette å gjere. Sjølvsagt har ein det fysiske aspektet av all idrett som er positivt, med kroppsbehersking og betre fysisk form…og i tillegg…nei det er nok, ikkje noko tillegg no.»

◊ Ok, så aikido påverkar barn når det gjelder respekt, tålmod og holdning. Men kan barn påverke aikido?

« Kan barn påverke aikido? Dei kan i det minste påverke klubben. Det gjer dei veldig tydeleg. Aiki-Kids betyr veldig mykje for Fudoshenkan i Hamar», meiner Robert.

◊ På hvilken måte?

« Det er ein styrke der, det er veldig mange som trenar. Det er ein støtte til klubben så klubben kan blant anna betale regningar. Det er ein kjelde for framtiens utøvarar. Så barn som blir eldre går opp til vaksentrening, og styrkjer klubben på den måten, så den veks. Hittil har vi berre sett ein som har gått oppover, men det er jo fleire som ventar. Dei er framleis litt unge då. Om eit par år til har vi kanskje ein litt større vaksenklubb», utrykkar Robert.

«Andre måtar som barna påverkar aikido eller klubben. Eg vil si; det skal tida vise. Eg vet ikkje kor mykje barna påverkar aikido som aikido. Men for eksempel aikido i Noreg.. Aiki-Kids er berre ein gruppe men det er andre barnegruppar i Noreg. Den første var i Harstad oppe i Nord-Trøndelag, trur eg. Og så kom Aiki-Kids. Vi skal sjå kva som skjer i framtida når dei blir større og høggraderte og flyttar frå Hamar og andre stader. Vi får sjå, kanskje blir det ein oppblomstring av aikidoklubbar i Noreg.»

Tilbake til AIKIKIDS